Program

Hausten 2026

Stad: Myra kulturbygg kl 13.00. Dørene opnar kl. 12.00 for sosialt samvær og kaffe med litt attåt.

 Opent for alle – medlemmar gratis adgang – andre interesserte kr 150. Velkomen.

Medlemskontingent kan betalast til kontonr. 3910 53 40587,  til Vippsnr. 50 47 32 eller ved oppmøte før foredraget.

Kontingenten er kr 400,-  for haust 2026/vår 2027  

 

Føredrag: 02.09.2026

Tema:«Eit varmt og morosamt møte med Donald Duck og verdslitteraturen»

V/ forfattar, journalist og litteraturkritikar Alf Kjetil Walgermo 

 

Omtale foredragshaldar: Alf Kjetil Walgermo , opphavleg frå Sjøholt, er kjent som forfattar, journalist og litteraturkritikar. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekke språk. Han kom i fjor med boka Litteratur og Andeby – Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.

Omtale foredraget: Bli med på eit muntert-vitskapleg foredrag om Donald Duck og bøkene hans! Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie.. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton. I foredrag på Vestnes seniorakademi får du også møte med tema som poesien i Andeby («Lyrikkens andeliv»), bibliotekvesenet i byen, Hakkespettboka – papirboka som har svaret på alt – og den sterke kompetansehevingseffekten av Andebys sakprosa. Du får også forfriskande nye møte med klassikarar frå verdslitteraturen, eit gjensyn med språkdebatten rundt firkantegghistorien «Eggemysteriet» og innslag av dialektar, nynorsk og språkutvikling i teikneserierutene. «Det Hakkespettboka er for verdens samlede kunnskap, er denne boka for samspillet mellom Donald-historiene og verdenslitteraturen», har Knut Nærum sagt om Walgermos bok.

…………………………………..

Foredrag: 07.10.2026

Tema: «Ta i bruk kunstig intelligens på din måte!»

v/ forfatter og  kommunikasjonsrådgiver Eli Anne Tvergrov

Sjå plakat

Omtale  foredragshaldar: Eli Anne Tvergrov er kommunikasjonsrådgiver på NTNU og forfatter og har stor nytte av KI i arbeidet sitt.

 Omtale foredraget: Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å bli ein del av kvardagen for mange. Men kva er det eigentleg – og korleis kan det vere til nytte for deg? I dette føredraget får du ei enkel og praktisk innføring i korleis KI kan hjelpe i kvardagen.

Vi viser døme på korleis ein kan bruke KI til: (sjå også https://www.ntnu.no/ansatte/eli.anne.tvergrov)

  • skrive brev, søknader, talar, handlelister og enkle tekstar, oppsummeringar og referat
  • gjere oversetjing, forklaringar av vanskelege tema og språk­hjelp,

Vi tek òg opp viktige spørsmål som: Kan KI ta feil? Korleis unngår vi falsk informasjon? Kva bør vi vere merksame på når det gjeld personopplysningar? Du treng ingen teknisk bakgrunn. Det er nok å ha litt erfaring med PC, nettbrett eller mobiltelefon.

…………………………………………

Foredrag 04.11.2026

Tema: «Kvinne for sin hatt! Gunhilde Mork – hattemaker og motstandskvinne»

v/etnolog og tidlegere konservator Romsdalsmuseet Terje Thingvold

Omtale foredragshaldar: Terje Thingvold er etnolog og tidlegere konservator Romsdalsmuseet

Omtale foredraget: Gunhilde (1900-1980) vokste opp på Hjelset, reiste 20 år gammel til Oslo, og tok der fagprøve som den første kvinnelige kokk i Norge. Ble seinere hattemaker, og tok fagbrev som modist i Tyskland i 1937, også som første kvinne i dette her til lands. Etablerere eget moteatelier i Oslo. Meldte seg umiddelbart til motstandskamp mot tyskerne i 1940. På oppdrag av Hjemmefronten infiltrerte hun tysk politi i Norge, og jobbet hele krigen som dobbeltagent. Fikk unngjelde for dette etter -45, med rykter om å være nazist. Hennes innsats under krigen har vært så godt som ukjent fram til de siste åra, og det er fremdeles svært lite å finne om henne i arkiver. Både spennende kvinne- og krigshistorie, om enforegangskvinne og som satte sitt goder navn og rykte på spill, og fikk unngjelde for det. Det er ei spesiell kvinneskjebne som fortjener å komme fram i lyset, og Gunhilde si historie fenger de fleste etter mi erfaring.

………………………….

Andre aktivitetar:

Det vart arrangert innføringskurs i bruk av pc/nettbrett/mobil våren 2026. Det er fremma ønske om at det vert arrangert liknande kurs f.k. haust. Det kjem ny informasjon  etter sommaren  om og evt. når nytt kurs vert tilbydd.

Tema for foredraga våre generelt:

Styret/programkomiteen arbeider med å finne tema innafor følgjande område:

– filosofi, etikk og livssyn. Mellommenneskelege relasjonar
– kunst og kultur
– naturvitenskap. Miljø og klima
– aktuelle samfunnsspørsmål
– historie
– byråkrati og regelverk. Digital kompetanse

Ser det spennende ut?

Medlemskap i Vestnes seniorakademi er åpent for alle som betaler medlemskontingent.