Andre aktivitetar

Vestnes seniorakademi arrangerer nokre gongar andre aktivitetar enn det ordinære programmet med forelesingar.
På denne sida finn du aktivitetane vi arrangerer i tillegg til forelesingane.

Dataveiledninga er avslutta
Dataveiledninga på Biblioteket som har vore løpande tilbod vår og haust sidan april 2023 vart i mai i år vedteke å avluttast. Dette ettersom få nytta seg av tilbodet.
VSA takker alle som so langt har stilt som veilederar og håper mange kan fortsette som veiledarar om det på eit seinare tidspunkt vert oppstart av nye datakurs eller anna form for dataopplæring.
På samarbeidsmøte i mai med Vestnes kommune, frivillige lag og organsisasjonar orientert VSA om stans av den løpande dataveiledninga. På møtet delte VSA ut kartleggingsskjema vedr evt framtidige ønsker og behov om digital opplæring. Dei 4 lokale pensjonistlaga vil gå gjennom kartleggingsskjemaet på neste møte og be om at medlemmane svarer på kartleggingsskjemaet. Vi i VSA avventer konklusjon om evt nye tilbod om kurs/veiledning til vi har motteke tilbakemelding frå alle pensjonistlaga og evt andre.
