Vestnes seniorakademi vil i samarbeid med dei lokale pensjonistlaga og Vestnes kommune tilby nytt datakurs for seniorar om det vert nok påmeldte, ca 8 – 10 deltakarar.
Deltakarne må ha med eigen pc, nettbrett eller mobil der ein av dei skal nyttast i opplæringa. Det meste av opplæringa skjer som individuell veiledning på eigen maskin/mobil og ut frå fellestema for dagen.
Tema er mellom anna : bruk av internett, offentlege nettsider som Altinn, NAV, Pasientsky med t.d. bestille legetime, Helsenorge, sende/ta i mot meldingar m.m.
Omfang: over 2 veker, totalt 12 timar fordelt på 6 dagar à 2 timar
Når: oktober veke 42 og 43; måndag, onsdag og torsdag, alle dagar kl. 10.30 -12.30
Stad: Frivillighetssentralen
Meld di interesse til Kari Opstad tlfnr: 48255477 innan: 13.10.23,om du er nybegynnar eller tidlegare kursdeltakar som ynskjer repetisjon.