Program
Program for våren 2026:
Foredrag: 04.02.2026 kl 13.00, Myra kulturbygg
Tema: «Gjensyn»
v/adjunkt, programleiar og forfattar Oddgeir Bruaset
Omtale foredraget:
Foredraget byggjer på boka med tittelen «Gjensyn», den nest siste av dei vel 30 bøkene Bruaset har skrive.
I foredraget vil Bruaset by på eit gjensyn med nokre av dei mest interessante og særmerkte menneska som har vore med i TV-serien. Særleg vil han leggje vekt på det som har hendt med dei frå programma vart sende og like til i dag. Nokre har flytt til andre stader av landet og verda, men dei fleste er blitt verande, og vil bli her til sin siste dag. «Eg håper eg stryk med før nokon kjem og ber meg herifrå», seier ei. Andre har funne den store kjærleiken. Ja, det gjeld så mange at Bruaset lurer på om TV-programma har fungert som ekteskapsbyrå. Ein del av dei har naturleg nok falle ifrå, ettersom dei var godt oppe i åra då dei stod fram på fjernsynet. Det somme opplevde på sine eldre dagar, var reint rørande å vere vitne til, fortel Bruaset. Her er humor og vemod i ei herleg blanding, legg han til. I tillegg til det han fortel, viser han bilete av dei utvalde, både slik vi hugsar dei frå programma, og slik dei ser ut i dag.
Omtale føredragshaldar: Oddgeir Bruaset er frå Måndalen og er utdanna adjunkt med norsk og historie som fordjuping. Etter nokre år som lærar , hamna han nokså tilfeldig i NRK – og blei verande der resten av si yrkeskarriere. I heile 43 år- dei ti første i radioen, dernest fjernsynet. Han har heile tida hatt base i NRK Møre og Romsdal i Ålesund. Forutan å ha laga hundrevis av radio og TV- program har han skrive meir enn 30 bøker hovedsakelig med kulturhistorisk innhald og han er ein etterspurt foredragshaldar.
Foredrag: 04.03.2026 kl 13.00 Myra kulturbyg
Tema:«Da mennesket reiste til månen- og hva vi har å lære av det i dag» v/filosof, forfattar, forskar Henrik Syse
Omtale foredraget: I dette foredraget skal filosofen Henrik Syse fortelle om en av menneskehetens mest utrolige oppnåelser ;reisen til månen og utforskningen av verdensrommet, med utgangspunkt i boken «Fordi det er vanskelig», som han har skrevet sammen med datteren Jenny. Hva kan vi lære av menneskene bak det utrolige Apollo- programmet? Hvordan klarte de egentlig å komme seg til månen- og tilbake? Og hvorfor er fortellingene om det som skjedde den gangen både relevante og utrolig spennende den dag i dag? Dette vil Syse prøve å gi oss en nærmere forklaring på i dette spennende og originale foredraget!
Omtale foredragshaldar: Henrik Syse er filosof, forfatter og forsker. Han har mastergrad i politisk filosofi fra Boston College i USA og en doktorgrad i etikk fra universitetet i Oslo. Han arbeider som seniorforsker ved Institutt for fredsforskning og er professor ved Oslo Nye Høyskole. I perioden 2015- 2020 var han medlem av Den Norske Nobelkomite og de siste fire årene var han komiteens nestleder. Han satt også som medlem i Pressens Faglige Utvalg i en årrekke. Han har skrevet og redigert en rekke bøker og artikler om politikk, etikk, filosofi, verdier og tro. Han er en anerkjent og svært etterspurt foredragsholder. Og så er han søndagsskolelærer og glad i The Beatles!
Foredrag 06.05.2026 kl 13.00 Myra kulturbygg
Tema: «Finland – vår utsatte nabo. Nordmenn og finner i krig og fred». v/journalist og forfattar Morten Jentoft
Omtale foredraget: Finland er Norges naboland og nordmenn og finner har mykje til felles som « småsøsken» i den nordiske familie. Men Finland har ei mykje meir dramatisk historie enn Norge, med blodig borgarkrig og to krigar mot naboen i aust -Russland. Vinterkrigen i 1939 fekk stor sympati i Norge og mange melde seg frivillig og kjempa på finsk side. Norge braut dei diplomatiske forbindelsene med Finland i 1941 då Finland samarbeidde med nazi- Tyskland. Det har vore periodar med mistenksomheitog dårleg stemning mellom Norge og Finland grunna ulike tryggingspolitiske val. Som eit resultat av krigen i Ukraina har noFinland blitt NATO- medlem. Dette har ført til at Norge og Finland står kvarandre nærare enn nokon gong tidlegare i historia. Vi har fått eit meir samla Norden.
Omtale føredragshaldar: Journalist og forfattar Morten Jentoft har vore korrespondent for NRK i to periodar i Moskva i Russland. Han har dekt krigen mellom Russland og Ukraina tett i lang tid. Jentoft har også jobba med Finland og finsk historie gjennom mange tiår, og han har skrive fleire bøker om emnet. Den siste» Finland- vår utsatte nabo», kom ut i oktober 25.
Tema for foredraga våre generelt:
Styret/programkomiteen arbeider med å finne tema innafor følgjande område:
– filosofi, etikk og livssyn. Mellommenneskelege relasjonar
– kunst og kultur
– naturvitenskap. Miljø og klima
– aktuelle samfunnsspørsmål
– historie
– byråkrati og regelverk. Digital kompetanse
Ser det spennende ut?
Medlemskap i Vestnes seniorakademi er åpent for alle som betaler medlemskontingent.