Stad: Myra kulturbygg kl 13.00. Dørene opnar kl. 12.00 for sosialt samvær og kaffe med litt attåt.
Opent for alle – medlemmar gratis adgang – andre interesserte kr 150. Velkomen.
Medlemskontingent kan betalast til kontonr. 3910 53 40587, til Vippsnr. 50 47 32 eller ved oppmøte før foredraget.
Kontingenten er kr 400,- for haust 2026/vår 2027
Føredrag: 02.09.2026
Tema:«Eit varmt og morosamt møte med Donald Duck og verdslitteraturen»
V/ forfattar, journalist og litteraturkritikar Alf Kjetil Walgermo
Omtale foredragshaldar: Alf Kjetil Walgermo , opphavleg frå Sjøholt, er kjent som forfattar, journalist og litteraturkritikar. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekke språk. Han kom i fjor med boka Litteratur og Andeby – Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.
Omtale foredraget: Bli med på eit muntert-vitskapleg foredrag om Donald Duck og bøkene hans! Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie.. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton. I foredrag på Vestnes seniorakademi får du også møte med tema som poesien i Andeby («Lyrikkens andeliv»), bibliotekvesenet i byen, Hakkespettboka – papirboka som har svaret på alt – og den sterke kompetansehevingseffekten av Andebys sakprosa. Du får også forfriskande nye møte med klassikarar frå verdslitteraturen, eit gjensyn med språkdebatten rundt firkantegghistorien «Eggemysteriet» og innslag av dialektar, nynorsk og språkutvikling i teikneserierutene. «Det Hakkespettboka er for verdens samlede kunnskap, er denne boka for samspillet mellom Donald-historiene og verdenslitteraturen», har Knut Nærum sagt om Walgermos bok.
…………………………………..
Foredrag: 07.10.2026
Tema: «Ta i bruk kunstig intelligens på din måte!»
v/ forfatter og kommunikasjonsrådgiver Eli Anne Tvergrov
Omtale foredragshaldar: Eli Anne Tvergrov er kommunikasjonsrådgiver på NTNU og forfatter og har stor nytte av KI i arbeidet sitt.
Omtale foredraget: Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å bli ein del av kvardagen for mange. Men kva er det eigentleg – og korleis kan det vere til nytte for deg? I dette føredraget får du ei enkel og praktisk innføring i korleis KI kan hjelpe i kvardagen.
Vi viser døme på korleis ein kan bruke KI til: (sjå også https://www.ntnu.no/ansatte/eli.anne.tvergrov)
- skrive brev, søknader, talar, handlelister og enkle tekstar, oppsummeringar og referat
- gjere oversetjing, forklaringar av vanskelege tema og språkhjelp,
Vi tek òg opp viktige spørsmål som: Kan KI ta feil? Korleis unngår vi falsk informasjon? Kva bør vi vere merksame på når det gjeld personopplysningar? Du treng ingen teknisk bakgrunn. Det er nok å ha litt erfaring med PC, nettbrett eller mobiltelefon.
…………………………………………
Foredrag 04.11.2026
Tema: «Kvinne for sin hatt! Gunhilde Mork – hattemaker og motstandskvinne»
v/etnolog og tidlegere konservator Romsdalsmuseet Terje Thingvold
Omtale foredragshaldar: Terje Thingvold er etnolog og tidlegere konservator Romsdalsmuseet
Omtale foredraget: Gunhilde (1900-1980) vokste opp på Hjelset, reiste 20 år gammel til Oslo, og tok der fagprøve som den første kvinnelige kokk i Norge. Ble seinere hattemaker, og tok fagbrev som modist i Tyskland i 1937, også som første kvinne i dette her til lands. Etablerere eget moteatelier i Oslo. Meldte seg umiddelbart til motstandskamp mot tyskerne i 1940. På oppdrag av Hjemmefronten infiltrerte hun tysk politi i Norge, og jobbet hele krigen som dobbeltagent. Fikk unngjelde for dette etter -45, med rykter om å være nazist. Hennes innsats under krigen har vært så godt som ukjent fram til de siste åra, og det er fremdeles svært lite å finne om henne i arkiver. Både spennende kvinne- og krigshistorie, om enforegangskvinne og som satte sitt goder navn og rykte på spill, og fikk unngjelde for det. Det er ei spesiell kvinneskjebne som fortjener å komme fram i lyset, og Gunhilde si historie fenger de fleste etter mi erfaring.
………………………….
Andre aktivitetar:
Det vart arrangert innføringskurs i bruk av pc/nettbrett/mobil våren 2026. Det er fremma ønske om at det vert arrangert liknande kurs f.k. haust. Det kjem ny informasjon etter sommaren om og evt. når nytt kurs vert tilbydd.