Tidspunkt: anna kvar tysdag kl. 10.30 – 12.30, oppstart 25.04.23
Vestnes seniorakademi og Vestnes bibliotek samarbeider no om eit nytt tilbod til personar som treng hjelp på innføringsnivå for mellom anna å kunne gjere seg nytte av offentlege digitale tenester. Tenester som samfunnet vårt i større og større grad legg opp til at vi alle til ei kvar tid skal meistre.
Både Seniorakademiet og Biblioteket har tidlegare halde datakurs for nybegynnarar. Der har deltakarane fremma ønske om etablering av meir permanent tilbod som ein kan oppsøkje for å få hjelp med dataspørsmål. Det vert no starta opp eit slikt tilbod på Biblioteket anna kvar tysdag, oddetalsveker, frå og med 25.april 2023, kl 10.30 – 12.30. Her er berre å møte opp innanfor den gitte tidsramma og 2 frivillige frå Seniorakademiet vil tilby hjelp og rettleiing. Hjelpa vil vere tilpassa kvar enkelt sitt utgangspunkt. Vi oppmodar den enkelte til å ta med eige nettbrett, eigen PC eller eigen smarttelefon.
Vi gjer merksam på at rettleiarane skal ikkje yte tenester etter innlogging med personleg passord på konfidensielle nettsider til dømes i eigen nettbank, personlege helsesider, eller «min side» på NAV. Men dei kan gi generell rettleiing og hjelp slik at du finn fram til dei respektive tenestene på nettet, samt formidle hjelp til å komme i kontakt med til dømes bank, NAV eller andre.
Velkomen.