01.02.2023: (Avlyst)
Stamceller – redninga for sviktende hjerter og aldrende hjerner?
v/Elisabeth Gråbøl-Undersrud, forskningsleiar ved Psykologisk institutt,UiO
Vestnes seniorakademi opnar vårsesongen 2023 med eit emne frå aktuell bioteknologisk behandling av sjukdommar. Stamcelleteknologien held på og revolusjonerer delar av medisinsk behandling, og gir nytt håp til mange. Stamceller kan bli hausta frå beinmargen eller dyrka i laboratoriet, og bli ført inn i kroppen att. Stamceller er alt tekne i bruk mellom anna i behandlinga av blodkreft, og forskarane arbeider med bruken av stamceller ved ei rad andre sjukdommar, som til dømes multippel sklerose (MS).
Gråbøl- Undersrud har nok mange også høyrt snakke om stamceller og bioteknologi på NRK. Ho vil gje oss ei innføring i arbeidet med stamceller og ei oversikt over feltet. Og du kan spørje om det er noko du lurer på. Her får du vite kor langt ein er komen i dag, og kva vi kan vente i morgon!
08.03.2023:
Stad: Myra kulturbygg kl. 13.00
«Møre og Romsdal – liv laga?» «Korleis er utviklinga her på nordvestlandet? og har fylkeskommunen ei framtid?»
v/Ole Helge Haugen, deltidspensjonist, prosjektleiar i fylkeskommunen og dagleg leiar i eit oppstartsselskap.
Ole Helge Haugen har i over 30 år fulgt og analysert samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal, seinast i nesten 20 år som fylkesplansjef i fylkeskommunen. Få kjenner fylket vårt betre, og han vil ta ta oss med på ei analyse av utvikling i fylket og framtidsutsikter for vår region. Folketal, arbeidsplassar, sentralisering, pendling er berre nokre av temaene han vil berøre, og sjølvsagt vil han gå i djupna på utviklinga i Vestnes. Er Møre og Romsdal ein fornuftig region, eller held vi berre saman fordi ingen andre vil ha oss?
03.05.2023:
Stad: Myra kulturbygg kl. 13.00
Norge, i et bærekraftig fremtidsperspektiv – hva må vi gjøre?
v/Kari Aina R. Eik, administrerende direktør for United Cities, en global organisasjon med hovedkvarter i Norge og Wien som fokuserer på å bygge bro mellom FN, globale markeder og byer gjennom bruk av data, teknologi og innovasjon. Eik er styremedlem i Verdensrådet for Bærekraftsmålene og sitter i flere styrer og råd i samarbeid med FN og er gjesteforeleser på Harvard Universitetet. Kari har jobbet mesteparten av sitt yrkesaktive liv i FN, i hovedsak i Øst Europa, Sentral Asia og Midt-Østen med fokus klima, miljø og bærekraft. I Norge har Kari jobbet blant annet med å støtte og utvikle bærekraftfylket Møre og Romsdal og i samarbeid med et stort antall norske kommuner og bedrifter utvikle metoder og systemer for bærekraftige aktiviteter.