Tema: Kvinnene sin plass i landbruket
Pensjonert fylkesutdanningssjef i Nordland fylkeskommune, Jorulf Haugen, gav i 2015 ut boka Landbruksskolen Fra prestegård til kultursenter. Landbruksskolen i Bodin utafor Bodø etablert i 1893 var frå først av eit tilbod berre for gutar, men i perioden 1901 – 1934 var det ved skolen også eit særskilt jentetilbod. Haugen valde å sjå nærare på dette tilbodet da han i 2016 melde seg på eit masterstudium i historie ved Nord universitet. Masteroppgåva omarbeidde han i 2019 til boka Den praktiske Kvindeskolen Opplæring av bygdekvinner ved landbruksskolen i Bodin i 33 år.
I foredraget vil Haugen med utgangspunkt i dette stoffet fortelje om korleis det vart argumentert for behovet for eit opplæringstilbod for kvinnene tilknytta landbruket. Kva var det viktig at jentene vart opplært i, og kva var ikkje viktig. Det vart tidleg mange og harde diskusjonar om det var rett å ha eit jentetilbod ved landbruksskolen. Kva for haldningar til kvinner i landbruket og samfunnet generelt kom til syne i desse diskusjonane?
Dørene er opne frå kl. 12:00 for sosialt samvær og enkel servering. Medlemmar gratis adgang – andre interesserte kr 100.
Alle er velkomne