Vestnes seniorakademi opnar vårsesongen den 2. februar med eit emne frå aktuell bioteknologisk behandling av sjukdommar. Forskningsleiar ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, tidlegare fungerande direktør ved Bioteknologirådet, Elisabeth Gråbøl-Undersrud vil fortelje om Stamceller – redning for sviktende hjerter og aldrende hjerner?
Eit menneskefoster består i starten berre av nokre få celler, stamcellene. Desse ‘urcellene’ deler seg og fornyar seg så tusenvis av gonger utan å verte gamle. Samstundes vil nokre av dei nye cellene frå stamcelledelinga gje opphav til andre meir spesialiserte celletyper i kroppen, slik som nerveceller, muskelceller og blodceller. I dei ulike organa som på den måten vert danna, er det også stamceller som lever vidare, og kan bidra til reparasjon og fornying. Stamcellene har slik moglegheita i seg til å erstatte døde eller utslitne celler i dei ulike livsviktige organa våre, og kan kanskje tilmed gje grunnlag for å dyrke fram nye organ.
Stamceller kan bli hausta frå beinmargen eller dyrka i laboratoriet, og bli ført inn i kroppen att. Stamceller er alt tekne i bruk mellom anna i behandlinga av blodkreft, og forskarane arbeider med bruken av stamceller ved ei rad andre sjukdommar, som til dømes multippel sklerose (MS).
Stamcelleteknologien held på og revolusjonerer delar av medisinsk behandling, og gir nytt håp til mange. Feil i arvematerialet i stamcellene hos ein pasient, kan rettast med genredigering (CRISPR) på laboratoriebenken, før dei «retta» stamcellene blir gitt attende til pasienten. Det vi før trudde berre var science fiction, tek til å bli verkelegheit. Moglegheitene som stamcellebehandling gir er slik veldig store, men stamcellebehandling fører også med seg store utfordringar både reint medisinsk, for samfunnet, og etisk.
På møtet i Seniorakademiet onsdag 2. februar vil Elisabeth Gråbøl-Undersrud, som mange også vil ha høyrt snakke om stamceller og bioteknologi på NRK, gje oss ei innføring i arbeidet med stamceller og ei oversikt over feltet. Og du kan spørje om det er noko du lurer på. Her får du vite kor langt ein er komen i dag, og kva vi kan vente i morgon!
Vestnes seniorakademi er nøye med å følgje gjeldande korona-restriksjonar. Alle er velkomne, men kom på møtet berre dersom du er fri for symptom som kan skuldast Covid-19! Sjå annonsane!