Dørene opnar frå kl. 12.00 for sosialt samvær og kaffe med litt attåt.

Vel møtt – hugs smittevernreglar – ingen med symptom!

Medlemmar gratis adgang – andre interesserte kr 100.

Kristin Lavransdatter i 100 år.

Foredrag i høve 100-årsjubileet for Sigrid Undsets bøker om Kristin Lavransdatter

Foredragshaldaren Kristin Brandtsegg Johansen er utdanna idéhistorikar og har skrive to bøker om Sigrid Undset, og mange artiklar og essays både i akademiske og populærvitenskapelege sammenhengar.

   

——————————————————————-

Nytt oktober-foredrag i Vestnes seniorakademi:        Kristin Lavransdatter i 100 år

På grunn av sjukdom har vi måtta byte fordrag til Seniorakademiet sitt møte 6. oktober. Eit foredrag i høve 100-årsjubileet for Sigrid Undsets bøker om Kristin Lavransdatter som var planlagt til våren, kjem difor no.

Sigrid Undset er den internasjonalt mest kjente kvinnelege forfattaren Norge har hatt. Ho var produktiv og skreiv romanarnovelleressayhelgenforteljingar, sjølvbiografiske tekster og nokre få dikt og skodespel. I 1928 fekk ho Nobelprisen i litteratur for dei mektige skildringane av mellomalderen i Norge. Det mest kjente og lesne verket hennar er trilogien om Kristin Lavransdatter som kom i åra 1920–1922. Bøkene KransenHusfrue og Korset skildrar livet i Norge på 1300-tallet gjennom livet til Kristin Lavransdatter, frå ungdom til alderdom. Kransen er blitt sagt å vere Norges finaste kjærleiksroman.

Lesinga av bøkene om Kristin Lavransdatter fekk eit nytt oppsving på 1960- og 1970-talet då bøkene kom på Den norske Boklubben og verkeleg vart folkelesnad. Tormod Skagestad si dramatisering av bøkene og oppføringa av skodespela på Det Norske Teatret vart òg ein stor suksess, som var med på å gjere Kristin Lavransdatter til allemannseige.  Når vi no er midt i det tre-årige hundreårsjubileet for utgjevinga, ønskjer Vestnes seniorakademi å ta fram att bøkene, fortelje litt om forfattaren og tida då bøkene vart til, og spørje Kvifor skal vi lese Sigrid Undset i dag?

Føredragshaldaren Kristin Brandtsegg Johansen er utdanna idéhistorikar og har skrive to bøker om Sigrid Undset, og mange artiklar og essays både i akademiske og populærvitenskapelege sammenhengar. Ho er redaktør for bladet Gymnadenia – som vert gjeve ut av Sigrid Undset-selskapet. No arbeider ho på eit nytt stort verk om Sigrid Undset, spesielt for å forstå korleis ho arbeidde med romanane sine, og gjorde så grundig grunnlagsarbeid – spesielt til dei historiske romanane.

Medan du ventar, kan ta fram bøkene frå bokhylla eller spør på biblioteket!